Sv: Når ens utdanning går en til hodet ...
For min del handlar dette egentlig mest om lidenskap, kunnskapstrang og nysgjerrighet (og eg anar ikkje korleis eg skal stave det ordet.. kan nokon hjelpe?)
Eg vil helst snakke med folk som har ein lidenskap. Enten det er frimerker eller potensrekning. Ingenting i heile verden kjedar meg meir enn menneske som ikkje har ein lidenskap, eller noko dei brenn for. Gi meg ei husmor som kan alt om flekkfjerning og beste måten å moppe eit golv på. Eg vil gjerne høyre. Dersom ho i tillegg viser interesse for mitt fag; faktisk kjem med spørsmål, utan redsel for å avsløre at ho har ingen peil på kva eg held på med, då får eg respekt for mennesket.
Alle menneske som er nysgjerige, åpne, søker kunnskap, har engasjement, er menneske eg gjerne vil bli kjent med. Eg diskuterer heller frimerker med han der tørrpinnen i hjørnet enn å diskutere ver og føreforhold med festens sentrum. Uansett kva folk kan, så er eg interessert i å høyre.
Utdanning er lite relevant, men det viktige er at ein a) brenn for noko, ei sak, eit tema, ei oppgåve b) har spesiell kunnskap innan eit eller anna tema, og her meiner eg at hagearbeid, kvantefysikk, traktorpulling eller slektsforskning er like interessant. Eg blir nysgjerrig på alt mulig. Jo særare jo betre nesten.
Forøvrig har eg ein mann som har fått konversasjon i gudegave. Han pratar med alle; mine gamle tanter inkludert. Har plukka opp mange tips av han, og faktisk lært at konversasjon er ikkje berre noko ein gjer for å vere høflig; det er nyttig for ein sjølv også.
|