Sv: Nynorsk?
Opprinnelig lagt inn av bina, her.
Problem og problem. Jeg mener at nynorsk bør fjernes som målform fordi det stjeler ressurser både i skolen (hvor det altså må undervises i begge målformer, og hvor lærebøker må finnes i begge målformer) og i f.eks. offentlig forvaltning fordi alle skjemaer selvsagt må finnes på begge målformer, osv.
Dessuten er det ganske mange som har lese- og skrivevansker, og da å skulle forholde seg til to skriftspråk i stedet for ett blir jo bare rot.
Og eg meiner at dette er feil, og at hjernen er slik innretta at ein lærer meir og betre når ein får høve til å bryne seg litt (forsking peiker òg mot at dette er ein mekanisme). Dersom ein kan fleire språk, kan det føre til at ein tenkjer betre, også om desse språka ikkje er så ulike.
Men negativ innstilling til noko, t.d. nynorskfaget, det er i seg sjølv ein faktor som gjerne kan føre til at ein ikkje “greier” å lære noko.
Eg er òg usamd i at nynorsk stel ressursar frå anna undervising. Norske barn/unge kan heller auke timetalet på generelt grunnlag, utan å ta vekk noko. Det kan tenkjast at dei som gjev inntrykk av at nynorsk stel ressursar, har ei like negativ innstilling til nynorsk som dei elevane som ikkje vil lære seg det.
(Eg snakkar her ikkje om elevar som har lærevanskar av ymse slag, men generelt om elevar som ikkje har slike vanskar.)
|