Sv: Barnevernet
Det aller aller aller verste uttrykket i barnevernet (for meg) er "godt nok". Difor slutta eg der. Eg makta ikkje å sjå alle dei ungane som hadde det "godt nok", men som absolutt ikkje hadde det godt. Ei omsorgsovertakelsessak er så ressurskrevjande at ein kan rett og slett ikkje køyre den utan at ein er 99 % sikker på å få medhald.
Syns det er altfor stor grad av foreldrevern i bv idag. Eg har sjølv henta barn ut frå ein heim akutt (tilkalla av politiet) og plassert h*n i beredskapsheim, og dagen etter fått beskjed av fylkesmannen om å levere tilbake ungen. Ungen var hysterisk og TRYGLA meg om å ikkje ta han med heim til foreldra. Fylkesmannen meinte at h*n hadde det godt nok.
__________________
05 - 06
|