Sv: "Spesial"-mat eller "vanlig" mat?
Spesial mat ja. Eg blir litt oppgitt til tider. Som mamma til tre unger med ulike intoleranser havner me borti ein del.
I besøk når eg hadde med sjokoladekake blei det annonsert høgt til alle som var der, at dette var allergikaka ( med andre ord, ikkje rør den for den kan ikkje vera god ) Dei andre ungane hadde så lyst til å smake mi saftige sjokoladekake i staden for den tørre som var berekna på dei. Men foreldra lot dei ikkje få lov.
I sommer var me i eit større besøk der ungane var spesielt inviterte. Dei skulle ordne maten, men det hadde dei vist gløymt. Det var ikkje noko gøy.
( familie er artig til tider )
Så me har lært at me alltid må ha med matpakke til ungane. Uansett besøk.
Ungane tar det stort sett greit, men det er ikkje gøy å bli pekt ut som den som ikkje kan eta maten som dei andre har.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
Sist redigert av Hjertensfryd : 05-01-11 kl 23:03.
|