Sv: "Spesial"-mat eller "vanlig" mat?
Eg må berre få skuffe publiken litt, og vere flisespikker altså. Eg har fortsatt litt problem med ordet "spesialmat". Nei, eg blir jo ikkje fornærma eller opprørt eller noko som helst . Men det er nå sånn at når nokon får høyre at jenta mi har cøliaki, og seier "da må ho ete sånn spesialmat ho da?", så svarar eg altså vennlig "nei, i grunn ikkje". Ho et jo samme maten som oss andre, men med enkelte mindre justeringar her og der (eg brukar jo nøyaktig dei same oppskriftene som før).
De ser vel at det er forskjell assosiasjonane rundt orda "spesialmat" og "allergivennlig"? Det første er spesielt, for den einskilde som har spesielle behov, det er erstatning for noko anna (som er den egentlige måten å lage retten på). Det er eit erstatningsprodukt for det som er "ekte". Ein skulle egentlig lage ei kake, men det gjekk ikkje på vanlig vis, så ein måtte finne ein spesiell vri. Det er i bunn og grunn ei nødløsning. "Allergivennleg" er for det første eit veldig positivt ord! Vennleg gir gode assosiasjonar. Det er ei kake som er slik kaka er tenkt å bli laga, og, neimen så flott, den er jo også mulig å ete for melkeallergikeren! Hey, så fint da! Ein heilt annan assosiasjon. Dersom du får to like kaker presentert for deg; den eine er merkt "spesialmat", og den andre "allergivennlig", kva fristar mest?
Og igjen: eg presiserer at eg ligg ikkje søvnlaus og irriterer meg på folk som brukar ordet "spesialmat". Eg har i grunn aldri reflektert så veldig over det, før eg rota meg inn i denne tråden.
|