Sv: 22. juli-kommisjonen sin rapport - bør regjeringen gå?
Eg har ikkje lese nok av og om rapporten tilå gjere meg opp ei meining. Men eg stusser veldig over den tabloide framstillinga av at det ikkje ville vore nokon terroraksjon, om bare Grubbegata hadde vore stengt. Han hadde ein agenda, og ville nok funne eit mål, kanskje Marienlyst, kanskje Aftenposten. Eg trur ikkje 22.juli ville vore unngått bare Grubbegata hadde blitt stengt tidlegare. Dagen ville bare sett annleis ut.
Eg reagerer også på politiet si håndtering av det heile. Dei har vore i forsvarsposisjon heile tida, med tanke på korfor dei ikkje kom fram før. Forklaringane deira har blitt endra undervegs og det er moment som kjem fram nå, som står i motsetning til det dei har sagt tidlegare. Eg synest ikkje kritikken dei har fått tidlegare er blitt håndtert på ein god måte.
|