Sv: Lesesirkel: Jeffrey Eugenides: The Marriage Plot. Diskusjonstråd
Nå kjem eg diltande etter, eg har endeleg lese ut boka.
Eg har ikkje lese Eugenides før, så eg hadde ingen forventningar til forfatterskapet. Då ei venninne spurde meg kva eg syntest, medan eg hadde lese første del, svarte eg at det var ein universitetsroman med chic-lit-preg og morsom bruk av Barthes-nerding. Og så nå som eg har lese resten, er romanen så utruleg mykje meir!
Det eg blei sittande å tenke på, er korleis denne romanen faktisk diskuterer ekteskapet til Leonard og Madeleine, medan Austen og den viktorianske "Marriage Plot"-litteraturen stopper ved bryllupet. Det at bryllupet har fått så lite plass og det at boka fortsetter og problematiserer såpass mykje, utover happily-ever-after, blir på mange måtar ei problematisering av romantikken i forløparane. Sjølv om noko kan tilskrivast Leonard sin sjukdom, synest eg denne vanskelege kvardagen etter bryllupet er eit veldig i interessant aspekt.
Eg ser mykje av diskusjonen går på karakterane og dei ulike synsvinklane. Eg liker best Leonard si forteljing, fordi denne gir eit unikt innblikk i den bipolare sitt tankesett, utan å vere sentimental og supplere. For Leonard si historie er jo tragisk, medan tonen i dei avsnitta kor han er i fokus ikkje har det tragiske aspektet i det heile tatt. Det gir ei slags oppleving av at dette er autentisk og skildra frå eit innanfrå-perspektiv, som eg liker veldig godt. Eg trur aldri eg har lese noko som skildrer psykiske lidingar på ein så sympatisk måte, før.
Eg likte denne boka veldig godt!
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|