Sv: Au pair på foreldremøte?
Det kan jo vere eit uendeleg antal grunnar til at folk ikkje kan stille på foreldremøte, Rine. Sjølvsagt bør det prioriterast høgt, men ein lar ikkje mindre barn vere aleine heime og ein lar ikkje vere å møte på jobb for å prioritere foreldremøte.
Eg synest sjølv det er problematisk når leiinga ved skulen eller fylkeskommunen eller kven det nå er som legg budsjetta bestemmer at vi må kalle inn til foreldresamtaler på onsdagar mellom 12-16 for dei har ikkje pengar til å pålegge folk å jobbe på kveldstid og gjere slikt. Det er jo det same som å sparke bein under kommunikasjon mellom heim og skule, som jo er noko ein burde streve etter å legge til rette for. Når svaret då blir "Jammen folk går jo fra jobb for å gå til lege og tannlege i arbeidstida" er eg veldig einig i at ein del folk i skulen (og administrasjonen som ofte bestemmer det vi lærarar for skulda for) bør tenke litt utføre si eiga boble. Eg synest i alle fall det er synd at bare halvparten av foreldra møter til utviklingssamtalar, fordi dei er lagt til arbeidstida.
Om ein au pair fungerer som stedfortredar på eit foreldremøte avheng av kommunikasjonen mellom au pair/foreldre/barn. At språk er viktig for at det skal vere eit poeng, er sjølvsagt. Men mange av dei litt meir "professjonelle" au pairane i Norge (altså dei som er her for å tene pengar, ikkje dei vesteuropeiske 19-åringane som har pauseår etter vidaregåande) har allereie brukt opp au pair-visumet sitt i Danmark og Sverige, og snakker relativt godt skandinavisk, i alle fall.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|