Sv: Har turen din gått i (v)asken?

Vel, det er jo lite som tilseier at utbruddet er over nå. Det meste tyder på det motsatte egentlig, og det er vel meir truleg at vulkanen vil putre litt i ny og ne den nærmaste tida. Det er absolutt ikkje usannsynlig at det blir fleire tilfelle av fly på bakken i løpet av året. Vi skal med fly med jobben, tre gonger i mai. I juli skal ungane til Island (med fly, åff kårs), og deretter skal vi alle på flyferie. Eg ser det ikkje som usannsynlig at vi må endre planane, men det får vi nå ta litt på sparket da. Det er ikkje noko eg reknar med - eg tenker at det ordnar seg sikkert, men den tid den sorg!
Min mann har ofte snakka om Katla, og at når "ho" våknar (alle vulkanar er damer), så kan det bli mykje action. Islendingane er forsåvidt godt førebudd trur eg, men eg er ikkje sikker på om Europa har tenkt heilt over kva som vil skje 
|