Sv: Skikk og bruk i naboskapet
Der eg voks opp hang ein ikkje ut klesvask på søndagar. Det gjorde ein berre ikkje altså. Eg har klart å plukke det av meg ettersom åra har gått. Nå set eg gjerne ut tørkestativet på ein søndag. Dersom eg hadde hatt eit digert stativ i hagen med sengetøy og diverse, hadde eg kanskje plukka det ned dersom naboen hadde konfirmasjonsselskap i sin hage.
Utan samanlikning forøvrig: som barn var vi instruert til å pakke bort alle kortstokkar og strikketøy dersom det banka på døra ein søndag. Det måtte bort i ein fei og inn i ein skuff, før nokon kom inn i stova. Og mine foreldre var ikkje religiøse ein gang. Men det kunne jo hende at gjesten var det.
Når det gjeld generelt å ta hensyn: når naboen har visning sørger eg for at ungane held seg nokolunde i ro og er stille 
|