Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon

Er norske barn friskere?

Generell diskusjon Forum for generell diskusjon av temaer som ikke passer inn under andre kategorier.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 21-12-10, 10:24   #19
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Er norske barn friskere?

Kan jo legge til i denne tråden at mi jente blei amma til ho var rundt 17 månader. Like før ho blei 3 år fekk ho diabetes, og også påvist cøliaki (då hadde ho nok hatt cøliaki ei stund). Det beviser på ingen måte noko som helst, for det er jo berre eit enkelttilfelle. Eg har stor tru på at amming kan hjelpe mot mykje, men tydeligvis ikkje i alle tilfeller

Eg kan faktisk ikkje hugse heilt kor tidlig vi starta med graut, og kva vi starta med. Det var i alle fall svært forsiktig, for ho var berre interessert i morsmelk; i store mengder.

Det er ingenting vi veit om som vi har gjort "galt", som gjorde at ho blei sjuk, men eg er interessert i temaet. Nokre forskarar meiner at den store auken i diabetes hos barn kan skuldast eit virus. Altså at jenta vår har hatt ein virusinfeksjon som har trigga diabetes. Korleis cøliaki heng saman med dette veit eg ikkje, men diabetes og cøliaki har ein liten samanheng, då diabetikerar har litt større sjangs for å få cøliaki (og omvendt). Barnediabetes aukar på uforklarleg vis, og særleg i Norge.

Eg har tenkt på dette med miljøgifter (for den del gjennom morsmelk) at dette kan vere ein årsak. Hos oss er det ingen andre med cøliaki, diabetes eller allergiar i det heile tatt, sjølv ikkje hos fjerne slektningar. Kom veldig overraskande på oss, og gjer at eg mistenker at det er ytre påverknad/miljø som har gjort henne sjuk. Alternativt at det var berre noko som gjekk galt hos henne

Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 12:42.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no