Sv: Jentefesten
Eg synest ikkje det er mindre problematisk å leve livet med ei ureflektert her-og-nå-haldning. Ting skjer - og viss mannen min ramler ned frå taket neste gong han skal rense takrennene og blir arbeidsufør (noko som er hans jobb på grunn av at eg har høydeskrekk, ikkje på grunn av at han er mann), vil vår felles inntekt halverast. Viss eg i tillegg har fem år utan arbeidserfaring og rutine i jobben, rusten fagkunnskap og lite oppdatert kunnskap om regelverk og forskrifter, vil eg som jobbsøkar stille svakere enn om eg er i full jobb. Eg har ei åtteårig utdanning og tilsvarande stort studielån. For meg vil dette vere bortkasta, dersom eg heller skal tenke her-og-nå og gå heime og bake cupcakes. Eller makroner.
|