Sv: Drepte i trafikken og tiltak for å hindre dødsfall
Merkelig usamanhengande diskusjon.
Men eg tillater meg å hevde at austlendingar som er for midtdeler på Vestlandet på alle vegar med 80-sone ikkje veit kva dei snakkar om. Må nesten fnise litt av det. Vegstandarden på Vestlandet er generelt elending, særlig i Sogn og Fjordane. Mange strekningar med 80-sone er ikkje eingang breie nok til gul stripe på midten og langt mindre ein midtdeler. Det ville koste så utopisk mange milliardar at det aldri i verda er gjennomførbart. Hus må rivast, vegar må byggast ut i sjøen, svære fjell må sprengast vekk osv. Mange plassar vil det rett og slett ikkje vere mulig i det heile tatt. Det går berre ikkje. Dei vegane der det er mulig utan altfor store inngrep er allerede relativt sikre i forhold til resten. Det er liksom ikkje der ein må begynne for å få sikrare vegar på Vestlandet. Det er i den andre enden ein må starte! Altså med dei vegane der midtdelar ikkje er eit alternativ.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|