Sv: Lese barnas dagbok osv
Eg vil nok, utan tvil, lese blink-profilar, bloggar, heimesider og andre ytringar som borna mine måtte finne på å legge på nettet. Kan millionar av andre lese det, så bør det ikkje vere noko problem at ei mamma kan lese det.
Eg jobbar dagleg tett med 16-18 åringar, og er heilt oppgitt over kor naive mange av dei er i forhold til det å legge ut bilete og personleg informasjon på nettet.
Når det gjeld sms, mms og msn så vil eg nok vere meir tilbakehalden. Dette er personleg kommunikasjon av eit heilt anna omfang enn www.
|