Sv: [Spinoff] Er det noen bøker som har (midlertidig) ødelagt lesegleden din?
Eg gidder ikkje lese ferdig bøker som står i fare for å øydeleggje lesargleda mi. Då bruker eg heller tida på noko eg liker. Men bøker eg ikkje har orka å lese ferdig, er ofte bestselgjarar for kvinner med snirklete blomar på omslaget. Tilbake til Riverton (gjesp...), Tusen strålende soler (makan til kulturimperalistisk makkverk!) og Orkideens hemmelighet (for eit språk!) er vel eksempler på bøker eg ikkje har hatt leseglede nok til å fullføre. Dei har eg lagt til side og gitt bort til folk som liker slike bøker, medan eg sjølv har funne fram ei ny bok. Livet er for kort til å lese ferdig dårlege bøker, på trass.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|