Sv: Har "mammabloggere" definisjonsmakt rundt hva som er "barnas beste"?
Eg måtte tenke på denne tråden, då eg søkte litt på nett og leita etter ein ny måte å knyte elastisk sjal på (Ungen er blitt for stor til nyfødt-måten). Eg kom over eit forum med ein enormt lang diskusjon om riktig og galt bæretøy, og folk var nærmast religiøse i retorikken. Den eine gruppa hadde sverga evig truskap til BabyBjörn og den andre gruppa gjekk aktivt inn for å frelse dei frå BabyBjörn-djevelen og omvende dei til den gode sida. Eller noko slikt.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|