Re: Samfunnsklasser og livsstil
Opprinnelig lagt inn av nokon, her.
Det er ei anna gruppe elevar, som seier det og dei er i fåtall. Det kan hende mi superenkle forskning har ein feilmargin i det at det ikkje er kult å seie at det er all right å lese bok på Helse- og sosialfag, VG1, og at ein må protestere høglytt og seie at ein har vald YF for å slippe slikt, for å vere ein i gjengen. Men det er i alle fall svært mange som påstår at dei har vald yrkesfag for å slippe å lese, slippe å skrive og så vidare. Men det kan sjølvsagt vere at det er noko dei seier for å halde seg inne med dei andre som seier det same. Ein skal ikkje undervurdere gruppepress blant 16-åringar.
Eg syns dette perspektivet er opnare og meir riktig: Eg trur at hovudgrunnen til at ein vel yrkesfag er at ein har lyst på ein meir praktisk skulegong.
Den læraren som klarer å overbevisa meg om at det er nødvendig for yrkesfag-elevane å meistra diktanalyse - den får premie. Dette handlar ikkje berre om lesing og skriving - det handlar minst like mykje om innhaldet i faga. Eg meiner at det er pressa for mykje innhald inn i fellesfaga på yrkesfag, og då særleg norsk/engelsk/matematikk. Eg skulle gjerne ha lest bøker på yrkesfag, viss timeplan og fagplan hadde gjeve rom for det. Leseferdigheitene er svake, og det er kun mengdetrening som er til hjelp. Med eit så stort pensum som skal dekkjast så er det lite tid igjen til mengdetrening av grunnleggjande ferdigheiter. Er det fruktbart å lese dikt på yrkesfag? Ja, klart det er det. Men må dei analyserast? I strofer, verselinjer, rim, metaforer, symboler, tema, bodskap og gud veit kva.
Eg trur at fagplanane me har i dag, bidreg til å senkje leseferdigheitene hos dei svakaste elevane.
Forøvrig så syns eg at pollen var så fordomsfull at eg ikkje har svart på han.
|