Sv: Høyre og Frp går i regjering
På skulen til mine jenter har dei ikkje bøker i RLE før i fjerde klasse. Så eg syns heile faget er litt diffust. Anar eigentlig ikkje kva dei held på med i dei timane. Det går mykje i "Ingen utenfor" og vennskap i alle fall etter det eg kan sjå av "Ukens mål" på lekseplanen. Det er jo bra.
Og så er det ein del om kristendom, spesielt i tilknytning til kristne høgtider. Men eg skulle gjerne sett ei bok! Samt at dei gjerne kunne hatt lekser i faget ein gang i blant. Det har fjerdeklassingen endå ikkje hatt i løpet av dei fire åra ho har gått på skule. Men eg forstår jo at det aller viktigaste dei første åra er å få på plass lese og mattekunnskapar, så leksene bør vere fokusert på det.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|