Sv: Bergensfolk, eg treng tips!
Opprinnelig lagt inn av tink, her.
Jeg har aldri bodd der, men Terminus har både god mat og mulighet for mer lukket selskap.
Terminus er midt i ein byggeplass akkurat no. Det pågår tre store byggeprosjekt, eit på høgre side av hotellet og to på venstre, men mykje anleggstrafikk og bråk store delar av døgnet. Trur eg ville unngått det!
Eg overnattar sjelden på hotell i Bergen sidan eg bur her, men det nye hotellet ved bystasjonen, Scandic Ørnen, er bra!
Frokosten er bra, men så vidt eg veit er det ingen restaurant på hotellet som serverer middag.
Men det har derimot Scandic Neptun. Restaurant Lucullus på dette hotellet har veldig god mat. Der har dei også selskapslokale i tilknytning til restauranten slik at det er mulig å ha lukka lag. Eg har vore på disputasmiddag der ein gang. Då satt vi i eit rom ved sida av restauranten med plass til ca 20 personar. Veldig koselig!
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|