Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon

Hvordan forbereder du deg på apokalypsen?

Generell diskusjon Forum for generell diskusjon av temaer som ikke passer inn under andre kategorier.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 10-03-17, 18:39   #11
gajamor
Travelt opptatt
 
gajamor sin avatar
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 6.904
Blogginnlegg: 3
gajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtidgajamor har en fantastisk fremtid
Standard

Sv: Hvordan forbereder du deg på apokalypsen?

Opprinnelig lagt inn av Strå, her.

Jeg syns myndighetene er litt sloppy, ingen anbefalinger om trestaker, kors og vievann mot vampyrer og ingen råd mot zombier heller.

No bor vi i Noreg, ikkje Transylvania eller Amerika. Dei tradisjonelle truslane her er:

Troll - tåler ikkje sol, men går sjelden ned frå fjellet eller ut frå skogen; hald deg heime så er du trygg.
Haugefolk - stål og lyden av kirkeklokker er det som skal til for sleppe fri. Eller hald deg heime.
Marer - hald deg inne og tett alle hol. Set skoa inntil senga med hælane inn.
Skrømt og draug - ikkje gå til stranda eller kyrkjegarden midt på natta. Hald deg heime
Nøkken - ikkje sett deg på ein kvit hest som står ved eit vatn eller foss. Ikkje snakk med den nakne mannen som speler fele i fossen. Det er betre å sitte heime.

Eg syns det kjem heilt tydeleg fram at norske tyggleiksmynde tek desse farane på alvor. Dei ber alle sørge for at dei kan sitte trygt og varmt heime. Det einaste eg saknar er ei oppmoding om å ha ein hestesko eller andre ting av jarn eller stål heime. Dei fleste har sikkert ein god kniv på kjøkkenet som dei kan kaste over eller på tussefolket, men det er jo nokre som har gått over til keramiske knivar.

Det er nok heller turvettreglane som burde ha seg ei overhaling: Kva gjer du om du møter ei hulder? Kan du bruke den vanlege sekken til grautetekonkurranser, eller bør du ha ein ekstra på magen? Kva er ei passande gåve til alvefolket, og kva kan du gi til fjøsnissen for å blidgjere han?

__________________
Litjtausa 06. Lille skatt 07
gajamor er ikke aktiv  
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 19:57.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no