Sv: Godispose i bursdag?
Me har godtepose i bursdag, ca midt i bursdagen så dei fleste et det opp før dei går heim. Det er veldig stas og eg syns det er heilt greit. Me har alltid ein liten ting og litt smågodt.
Eg eg einig i at det er greit å få ned sukker inntaket men eg trur det er mange andre plassar ein kan redusere først. Av og til får eg kjensla av at mange skrik høgt opp om godteposer i bursdag, kake i barnehage og slike ting fordi det er synleg liksom, men så burde ein kanskje ta tak i det daglege kostholdet først. Mange gjer sikkert det og, men har ein eit sunt og riktig kosthold syns ikkje eg det gjer noko med godtepose i bursdag og evnt kake i barnehage (så lenge det ikkje er for mange barn så det blir for ofte). Flott med andre løysingar som fungerer fint men eg trur ikkje dei tinga er det viktigaste.
__________________
Strong is the new skinny
|