Det står ein artikkel i Dagbladet i dag om gå-helm. Det er meint som eit tryggjingstiltak når barna byrjar reise seg og gå for å hindre skader ved fall mot hardt underlag.
Lillebror var vetlaus i den perioden og datt svært mykje, hardt og brutalt. Både me og barnehagen var reint bekymra ein periode, for det gjekk over alle støvleskaft. Likevel fekk han aldri andre skadar enn svære kular og nokre skrubbsår. Eg skaffa meg rett nok strips, for eg rekna med det berre var spørsmål om tid før han fekk reine kutt.
Ein bekjent av oss skaffa barnet sitt ein slalomhjel i denne fasen. Altså, om barnet ikkje er ustø frå før, så blir det iallfall ustø med ein diger slalomhjelm. Denne aktuelle hjelmen er laga av skumplast og er såleis langt lettare.
Eg tenker at ein kan forsvare eit sånt produkt dersom barnet har hatt hjernerystelse før, og ikkje bør utsettast for ny.
Link:
http://www.dagbladet.no/2010/09/21/t...else/13496691/
__________________
Bergensis
Sist redigert av DM : 22-09-10 kl 16:24.
Årsak: Dobbeltpost.
|