Sv: Maria Amelie saken - hva tenker dere om pågripelsen?
Henger meg på Toffskij her. Min første tanke når eg leste om boka, var at no vert ho sendt ut. Eg undrer meg på om ho rett og slett var litt naiv som stod fram på den måten. Ho må jo ha tenkt at risikoen for å bli tatt, og transportert ut, var temmeleg stor.
Maria Amelie er ei søt jente, som sikkert er eit fantastisk menneske. Men det betyr ikkje at ein kan sjå gjennom fingrane om at ho har brutt lova, heilt bevisst. Ein kan ikkje ta verken politi eller UDI så lenge lova er som den er. Dei gjer det arbeidet dei er satt til. Det ein kan spør seg om, er om styresmaktene gjer sitt arbeid? Samtidig kan eg ikkje heilt sjå at Maria Amelie har tungvegande grunnar for å få bli i landet. Siden ho ikkje er villig til å snakka om det, er det i grunn noko vanskeleg å gjera seg opp ei meining. Det vert for mange spekulasjoner, og eg er noko usikker på om ho er tent med det.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|