Sv: Drepte i trafikken og tiltak for å hindre dødsfall
Personlig hatar eg å køyre forbi andre på Vestlandsvegar, men av og til kan eg faktisk vere med på å skape trafikkfarlige situasjonar dersom eg lar vere å køyre forbi. For eksempel dersom eg velger å ligge bak ein tysk bobil som køyrer i 60 km/t i 80-sona. Ideelt sett skal sjølvsagt denne bobilen køyre inn til sida dersom han ligg under fartsgrensa og skapar kø. Men det skjer veldig sjeldan. Og når eg då ikkje køyrer forbi er eg med på å lage kø som igjen kan skape trafikkfarlige situasjonar fordi andre lengre bak i køen begynner å køyre forbi. Så det er ikkje så enkelt at eg berre kan beregne god tid til ferger og legge meg fint i køen og la det ta den tida det tar. Eg må tenke på det som skjer bak meg i køa også.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|