Sv: Hettegensere til barnehagebarn?
Og berre for å ha sagt det: Eg anser ikkje dei som nektar sine barn å ha på hettegenser som hysteriske.
Vi har alle ting som vi er litt ekstra opptatt av, gjerne på grunn av ulykker eller nesten-ulykker i nær familie eller omgangskrets. Eg har sikkert områder der eg beskyttar meir enn andre. Eg har f.eks store problemer med å la 10-åringen sykle i trafikken. Og årsaka ligg nok i at lillebroren min døydde i ei sykkelulykke då han var 13 år. No begynner eg å slite fordi veninnene får lov til å sykle til kvarandre og til butikken, så eg blir nok rett og slett nødt til å sleppe ho laus. Ho har vore på masse sykkelturar med pappaen og er grundig opplært i korleis ho skal forholde seg, men eg er livredd likevel. Ungar døyr i trafikken i dette landet kvart einaste år. Mange fleire enn dei som døyr på grunn av ein hettegenser. Men eg kan ikkje fortsette å nekte ho å sykle på trafikkert veg likevel, så der må eg jobbe litt med meg sjølv.
Det er veldig enkelt å kutte ut ein hettegenser. Sikkert enklare enn å nekte barna å ferdast i trafikken. Men i mitt hode blir sannsynligheten for at det skal skje noko når dei har på hettegenser liten samanlikna med sannsyligheten for at det skal skje andre ulykker, så eg har ikkje det like langt framme i tankane mine som trafikksikkerhet.
Det betyr ikkje at eg syns andre som lar sine 10-åringar sykle i trafikken er uansvarlige eller at eg syns dei som nektar barna å bruke hettegenser er hysteriske.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|