Sv: iPhone - applikasjon for handling
Hmm... vurderer "Mealboard", egentlig noko eg har leita etter lenge. Her kan ein legge inn oppskriftene sine (enten på Iphone eller på PC ser det ut til), og lage ein middagsplan for veka, eller vekene som kjem. Du kan generere handleliste ut frå dette OG du kan legge til andre ting som f.eks oppvaskmiddel og såpe, tape og lørdagsgodteri.
http://www.mealboard.com/index.html
Eg har lenge ønskt meg ein applikasjon der eg kan lage vekemeny, og ut frå dette få ei handleliste. Det fordrar jo at ein gjer ein jobb i starten med å legge inn sine favoritt-oppskrifter, men når den jobben er gjort så har ein jo eit godt opplegg.
Hmm... surfar vidare - og dette er også noko å bruke ein lørdagskveld til 
|