Sv: iPhone - applikasjon for handling
Gammal tråd. To år etter kan eg melde om at Mealboard fungerer fantastisk. Vi har pause av og til, men når kvardagane slår inn er Mealboard verkeleg redningen. Den krev at ein set seg ned lørdag morgon (for meg i alle fall). og plukkar ut meny for veka som kjem. Drar så i butikken, og genererer handleliste med to tastetrykk. Eg elskar alle små detaljar som gjer den så praktisk, f.eks at når det står "tomater" på lista, så står det med liten skrift kva rettar dette er tenkt brukt i. For av og til begynner ein å lure på kva tomatene skulle brukast til.
Og eg elskar at det er MINE oppskrifter. MINE klassiske kvardagsoppskrifter, som ein gjerne gløymer ut. Og at eg her kan legge inn oppskrifter (via pc) som eg har lyst til å prøve, f.eks lakseoppskriftene i denne tråden. Alle oppskriftene mine, som eg elskar, har eg nå i baklomma! Heile familien si oppskriftsbok ligg der!
Vurderer seriøst å opprette ein eigen tråd der eg viser korleis appen funnkar, for eg er så fornøgd. Beklagar den reinspikka reklamen, meg eg er heftig begeistra 
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|