Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon > Nyheter og media

Er NAV virkelig så ille?

Nyheter og media Forum for diskusjoner av nyheter og artikler. Husk å lenke til aktuell artikkel i første innlegg, så meddebattantene får mulighet til å sette seg inn i temaet.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 10-05-13, 16:53   #11
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.759
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Er NAV virkelig så ille?

Til dei som meiner at "presset" kvinner opplever både på heimebane og jobb er sjølvpåført. Dersom ein ser på diskusjonar om barnehagedekning, kontantstøtte, fordeling av foreldrepermisjon og andre beslekta tema, ser ein at det er ei ganske massiv politisk og samfunnsmessig einigheit om at begge foreldre skal vere i full jobb.

Olaug Nilssen si bok fortel om ulike måter å løyse "tidsklemma" på. Og dei som har vald å jobbe redusert fortel om korleis dei heile tida må forsvare dette. Samtidig er jo dette folk som har tatt ansvar og som tar den økonomiske belastninga sjølv, ved å jobbe 50%, framføre å jobbe 100% og bli sjukemelde.

Eg synest det blir lettvint og flåsete å avfeie heile diskusjonen med at dette dreier seg om fasadebygging og plettfrie heimar. Grunnen til at folk blir utbrent er at dei ikkje disponerer kreftene sine riktig. Det er då greit å prioritere ned husarbeid og aktivitetar men ikkje jobb? Det bør jo vere det same kor folk vel å kutte, så lenge dei tar utgiftene med å kutte ned sjølv, meiner eg.

Det er ikkje sikkert det er fasadebygging som er hovudprioriteten til dei familiane kor ein vel å jobbe redusert. Det kan hende det er eit ønske om meir tid saman med ungane, gjennom heile året. Det kan hende det er ein tanke om at det er godt å komme heim frå skulen klokka 13 og ikkje måtte vere på SFO til klokka 17. Det kan hende det er familiar som er belasta med mykje sjukdom og våkenetter, som derfor treng å prioritere annleis.

Det er jo veldig tydeleg i denne diskusjonen, at det ikkje skal vere opp til den einskilde å velje kva ein skal kutte ut.

Eg veit at eg for min eigen del heller vil bruke pengar på vaskehjelp enn å vere heimeverande. Så dette er ikkje personleg for meg. Men i dagens samfunn er det lite sosialt akseptert å prioritere familie over jobb. Og sjølv om eg som kvinne er veldig glad for at likestillinga har komme så langt som ho har gjort, tenker eg at det må vere akseptabelt for den einskilde familie å velje korleis dei skal få kvardagen til å gå opp. Og dersom ei kvinne eller ein mann har valet mellom å jobbe 50% eller å jobbe 100% og bli sjukemeldt etter eit år, synest eg det står respekt av at vedkommande vel å jobbe deltid.

Opprinnelig lagt inn av gajamor, her.


Samfunnsøkonomisk kan jeg ikke forstå at det skal lønne seg å få flere hjemmeværende husmødre (eller husfedre). Nei, de tar ressurser fra NAV-budsjettet, men til gjengjeld tilfører de heller ikke så mye (regner ikke med de som har så store omsorgsoppgaver at de burde hatt rett på skikkelig omsorgslønn her).

Eg ser absolutt den sida av saken sjølv. Og som eg nemnde over, er dette meir høgttenking i diskusjon enn sterke meininger. Men eg trur høgare arbeidslivsdeltaking fører til høgare sjukemeldingstal og at dette perspektivet bør vere ein del av biletet i diskusjonen.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat
 

Trådverktøy
Visningsmåter

Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 03:54.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no