Sv: Au pair på foreldremøte?
Opprinnelig lagt inn av nokon, her.
Førskulelæraren veit jo ikkje kva som foregår heime likevel. Viss ein av foreldrene er sjuke og ikkje klarer å hente og levere i barnehage sjølv, kan det like fullt vere at barnet blir møtt av ein heimeverande forelder i det barnet og au pairen kjem inn døra heime.
Pedagogisk leiar på ei avdeling bør kjenne såpass til situasjonen heime hos ungane. Dersom foreldra ikkje kan hente eller levere på grunn av kronisk sjukdom meiner eg at det er ei sjølvfølgje å informere pedagogisk leiar om dette. I dette spesifikke tilfellet var det ikkje det som var årsaka. Her var grunnen at både mor og far hadde leiarstillingar i næringslivet og jobba frå sju om morningen til sju om kvelden. Dei hadde difor to au pairar der den eine tok morgonskiftet og den andre kveldsskiftet slik at dei ikkje skulle overskride maksimum timar per dag. Desse au pairane blei nok ikkje utnytta. Eg trur tvert i mot dei hadde det veldig bra på jobb sidan det også var hushjelp i huset som tok seg av husarbeid. Men eg syns jo det er litt rart at ikkje foreldra kunne ta seg fri litt eit par gangar i året for å gå på foreldresamtale. Mi venninne helste på mora tre gangar i løpet av tre år. Faren såg ho aldri i barnehagen.
Dette er ei venninne som eg stolar 100% på. Har aldri tatt ho i løgn, så eg trur på det ho fortalte.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|