Sv: Når folk tror de vet alt om deg og din sykmelding
Eg er framleis under utredning, men nærmer meg ei kronisk diagnose. Og eg kjenner på mange av desse kjenslene du beskriv, Cumulus, men eg klarer ikkje å identifisere meg med "oss kronikere" slik du bruker det gruppebeteiknelse. Eg vil snarare styre unna den typen språkbruk, fordi eg tenker at viss eg skal sjå på meg sjølv om ein kronikar, knytter eg meir av identiteten min til sjukdom enn eg ønsker. Og det er lite gunstig. Eg trur og denne retorikken er med på å skape større stigma, heller enn mindre.
Eg meiner framleis at dette med kjensler knytta til å akseptere eigen situasjon, er eit individ-problem, ikkje eit samfunnsproblem. Vi kan ikkje la vere å snakke om korleis eit system basert på tillit er i ferd med å bryte saman fordi det er så enkelt å misbruke denne tilliten. Vi må kunne snakke om den sjukemelde sitt ansvar, arbeidsgivar sitt ansvar og fastlegane sitt ansvar. Ikkje fordi alle som er langtidssjukemelde eigentleg pusser opp hytta og går på dansekurs, men fordi ein del gjer det. Og ein del "tar seg ein tredagers" nå og då. Mange viser seg ikkje tilliten verdig. Og det må leggast inn betre kontroll- og oppfølgingsrutinar som tar tak i dette problemet.
Sjølv trur eg at fastlegeordninga har mykje å seie. Det kan hende at ei ordning kor ein som sjukemeldt skulle gjennom ein sjekk hos ein annan lege på eit eller anna tidspunkt eller noko slikt.
Eg meiner og at ein som langtidssjuk må tåle litt kontroll og oppfølging. Eg ser jo korleis det er ramaskrik når slemme-NAV nå driv med arbeidsevneutprøving av folk som har vore på AAP i fire år og som har søkt om varig ufør. Eg overhøyrer folk på venterommet til fysioterapeuten som snakker om det at dei faktisk må dokumentere at dei ikkje kan jobbe, før dei får ufør. Ei sa til og med at denne arbeidsevneutprøvinga var så slitsom at ho måtte kutte ned på sosiale aktiviteter og frivillig arbeid i kyrkja. Eg tenker at det bare skulle mangle. Og eg trur faktisk at viss folk flest hadde hatt meir tillit til at det er tilstrekkeleg kontroll av langtidssjukdom, ville mistenkeleggjeringa av dei som faktisk er sjuke blitt mindre.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|