Sv: Om endringer/omskrivninger/forkortelser i bøker
Project Runeberg er den skandinaviske versjonen av Project Gutenberg. Her er det også mange bøker tilgjengelege.
Det er ofte vanskeleg å finne ut om ei bok er forkorta eller ikkje (jfr. diksusjonen i klassiker-lesesirkel-tråden, om lengda på Oliver Twist). Eg har ganske lenge forsøkt å finne den originale Les Miserable på norsk eller engelsk, som inkluderer den seksti sider lange skildringa av Napoleonskrigen og slaget ved Waterloo (fordi eg er nerdete og vil lese dette), men eg klarer ikkje finne ho. Alle utgåvene eg har funne nå, er forkorta og dette er blant det som er tatt bort. Det er litt irriterande.
På den andre sida er det jo mange bøker, som for eksempel Robinson Crusoe og Gullivers reiser som har barnevennlig tematikk, men som ikkje er skrivne i ein like barnevennleg språkdrakt originalt. Og då er det jo fint at desse klassiske verka kan overleve i forkorta utgåve.
Men eg synest det burde vore opplyst om akkurat dette, når ein kjøper bøker.
|