Sv: Hvorfor hater "mannen i gata" BV??
Eg har og reagert på dette. Kanskje ikkje hat, men meir veldig sterk frykt mot barnevernet. Som lærar veit eg jo at mykje av det dei driv med er hjelpetiltak i familar. Eg snakka for eksempel ein gong med ei aleinemor som hadde det vanskeleg. Det var ein brutal problemstilling som innebar fare for å miste skuleplass, på grunn av ei misforståing mellom henne og skulekontoret. Eg sa "Kan du ikkje ringe barnevernet og høyre om dei kan hjelpe deg?" (fordi eg trur det er riktig instans å be om hjelp til å løyse den typen problemstillinga. Svaret eg fekk var av typen " Barnevernet!? Eg ringer ikkje barnevernet! Dei kan sikkert ikkje hjelpe, dei kjem bare til å tru det er min feil!". Eg trur dette biletet er medieskapt, av folk som ikkje er fornøgd med måten deira sak er behandla i barnevernet. Men det er synd, for det kunne vore ein ressurs i ein del tilfelle, men dei slepp ikkje til.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|