|
|||||||
| Generell diskusjon Forum for generell diskusjon av temaer som ikke passer inn under andre kategorier. |
| Se resultatene: Hva stemmer du? | |||
| Høyre |
|
72 | 23,30% |
| Arbeiderpartiet |
|
101 | 32,69% |
| SV |
|
38 | 12,30% |
| Senterpartiet |
|
7 | 2,27% |
| Venstre |
|
43 | 13,92% |
| Kristelig Folkeparti |
|
9 | 2,91% |
| Fremskrittspartiet |
|
5 | 1,62% |
| Rødt |
|
7 | 2,27% |
| Miljøpartiet de grønne |
|
16 | 5,18% |
| Andre |
|
0 | 0% |
| Brokkolipartiet |
|
11 | 3,56% |
| Deltakere: 309. Du kan ikke stemme på denne undersøkelsen | |||
|
|
Trådverktøy | Visningsmåter |
|
|
#11 |
|
Forelska
|
Sv: FPs partibarometer
Godt mogleg at ekspertar ser dette slik, men eg har freista finna ting ekspertar har sagt om MDG på nett no i kveld og ikkje kome opp med så mange ting å kunna sitera noko frå, korkje pro eller kontra - kanskje du kan koma med noko der - sidan du nemner mange ekspertar i innlegget ditt?
Ja det må brukast pengar på dette og det vil ta tid - men med tanke på den tekniske ekspertisen og kompetansen som i dag er bunde opp i fossilbasert verksemd trur eg ikkje 20 år er for lite til å greia gjera ein total snuoperasjon om dei kan gjera ei gradvis omlegging til å arbeida med teknologi og løysingar for fornybar energi og ei berekraftig utvikling. Dette kan gjerast under tvang, eller endå betre: med ein balansert bruk av gulrot og pisk kan ein få desse verksemdene til sjølve å ynskja å gjera ei slik omlegging.
Godt - her er me samde
Vasskraft er bra, men for mykje utbygging er ikkje bra for natur og miljø - effektivisering av eksisterande er det mykje å henta inn på - det same gjeld eksisterande vindmøller - teknologien her er i ei rivande utvikling - tenk kor langt me kunne nå om meir ressursar, både økonomisk og kompetansemessig, kunne vore lagt inn i dette.
Kanskje om ikkje så avsindig mykje kompetanse og ressursar var bunde opp i fossilverksemd? Dette er det faktisk mogleg å gjera noko med - tek med det gradvis over, sei 20 år, trur eg me kan koma langt utan at det opplevest som noko dramatisk omlegging for dei fleste.
Ja, det vil ta tid, men vil ikkje vera mogleg å få til om ein ikkje har vilje til å ta dei grep som må til.
Kanskje alternativet vil vera å gradvis over ein periode på, sei 20 år, gå over til å nytta den teknologien som vert utvikla og forbetra og kanskje til og med heilt ny, i dag uaktuell, teknologi.
Det er ingenting som tilseier at ei overgang til lukka oppdrettsanlegg i sjø vil vera mindre lønsamt enn dagens sterkt forureinande løysingar. Infrastrukturen kan vera den same - det kjem ei eingongsinvestering(delvis betalt av avgifter pålagt dei som somlar med å legga om eller subsidiert, kanskje?) men med omsyn på driftsutgiftene vil ein kunna oppleva betre tider med mindre svinn av fór og medisinar og mindre svinn med ryming av fisk og ev. uheldig påverknad frå miljøet rundt - ei meir lønsam drift utan forureining av di ein har eit anlegg kor ein har full kontroll over tilhøva.
Det er di vurdering av at dette ikkje er realistiske forslag. Eg og mange med meg er usamde.
Forbruk kan reduserast, ikkje minst om me kjem oss vekk frå den kunstig oppblesne fossiløkonomien som baserer seg på teknologiske grunnløysingar frå førre århundre. Det er no på tide å koma seg vidare - me sjølve treng det av di me er avhengige av korleis naturen har det og vil verta påverka negativt av korleis utviklinga skjer i klima om me ikkje kjem oss vekk frå fossilalderen.
__________________
Rart er fint
|
|
|
|
|
|