Sv: Syns du at FrP er et rasistisk parti?
Zulu: dei brune på bussen - kor har du det fra? 
Og eg meiner at det er for mange (generelt, tenker ikkje på noko spesielt nå) som indignert heller møter FrP med forakt og latterliggjering, i staden for å senke skuldrene, ta eit skritt bak og drøfte sak. Det er vanskeleg, for Frp-politikarar kan komme med provoserande brune budskap, utan tvil. Men eg meiner det blir brukt alfor mykje tid på å analysere FrP i staden for å fokusere på kva forslag ein har sjølv. For å sette det på spissen: det blir for mykje offing og nasesnøfting. Det har ingenting for seg - det fører ingen stad, og bidreg berre til ei parkering av debatten. Vi ender opp med å diskutere FrP og rasisme (som ikkje er uninteressant), i staden for saken.
Når Siv Jensen seier at det er eit problem at det finst norske skular nesten utan norske barn - så hadde det vore greit å drøfte saken - kva dette betyr for oss alle (t.d. i forhold til integrering), i staden for å rote seg inn i ein lang diskusjon om Siv er rasist eller ei.
Ansvaret for at dette skjer kan ein godt plassere på FrP, som nektar å klargjere kva dei eigentleg meiner (sidan programmet ikkje står i stil til ein del uttalelsar frå enkelte av politikarane). Men det er vi andre som tillett at det skjer. Sidan FrP nektar å definere, så prøver vi andre å gjere det for dei. Litt til spott og spe, egentlig. For enkelte er det viktig å få definert dei som rasistar og homohaterar. Og da som gruppe, som parti, og underforstått det opplagte: dei som stemmer på dei har gjort ein kjempetabbe, og støttar rasisme og homohat. Problemet er at fleirtalet av folk som stemmer FrP er korkje rasistar eller homofobe. Dei er heilt vanlege folk som oss, og finn seg ikkje i å bli kalla noko dei ikkje er.
Eg meiner ikkje at ein skal tolerere rasisime og intoleranse, og eg tar sterk avstand frå det kvar gong eg møter det. Mykje meir enn før. Eg seier kva eg meiner til min gamle KrF-onkel, som er uhelbrederlig ... tja.. rasist? Dette har eg gjort etter 22. juli. Vi skal jobbe for eit humanistisk og tolerant samfunn. Men vi kan ikkje føre denne overordna debatten i detalj i kvar einaste sak. Vi må ta avstand, og gå vidare til å drøfte sak. Kampen mot rasisme og intoleranse vinn vi ved argumentasjon, ikkje ved å skyve ut, fnyse ut og putte etikettar på motstandaren. Dei blir berre sterkare av det trur eg.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|