Sv: Ville du jobbet mindre hvis du kunne?
Kva er definisjonen på utbrent, eigentleg? Er det berre stor arbeidsmengde som kan gjere at ein blir utbrent? Eg tenker at det er fullt mulig å bli utbrent av andre ting som er relatert til jobben, for eksempel dårlig mestringsfølelse over lengre tid. Dersom ein i lang tid går rundt og føler at ein ikkje mestrar det ein skal på jobb og i tillegg opplever å få dårlige tilbakemeldingar frå kollegaer og nærmaste leiar kan det etterkvart bli eit mareritt å gå på jobb, sjølv om ein berre jobbar 8 til 16. Til slutt kan det bli så ille at negative tankar om jobben tar over heile fritida også fordi ein gruar seg slik til å gå på jobb. Og ein kan gjerne våkne midt på natta med klump i brystet og vondt i magen. Eg har ein kollega som blei sjukemeldt på grunn av dette. Ho jobba i utgangspunktet ikkje spesielt mykje, men hjernen jobba med negative jobbtankar også når ho hadde fri, så mentalt jobba ho på ein måte mykje likevel.
Dersom ein ser det frå utsida er det lett å tenke at det er jo berre å seie opp jobben og finne seg ein ny jobb dersom ein mistrivst på jobb. Men det er ikkje så enkelt, spesielt ikkje når det har gått så langt at sjølvkjensla er på bånn. Då tenker ein at ein er dum og ubrukelig og at det vil bli like vanskelig eller endå verre å sette seg inn i ein ny jobb.
Kollegaen min er tilbake i jobb no og har fått ei ny stilling hos samme arbeidsgiver der ho slepp unna dei arbeidsoppgavene ho syns var verst i den gamle jobben. Men eg merkar framleis på ho at ho ikkje trivast 100% og at ho er veldig usikker på seg sjølv. Ho er veldig var for kritikk og oppfattar alt mulig som skjult kritikk sjølv om det absolutt ikkje er meint slik frå den som snakkar. Så sjølv om ho fortsatt jobbar 7.5 timar for dagen trur eg det er ein risiko for at ho kan bli utbrent igjen. Men det er jo eigentleg ikkje jobben som er problemet, det er hennas eigne dårlige tankar om seg sjølv.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|