Sv: Du som ikke er feminist - hvorfor ikke?
Eg var faktisk ikkje heilt klar over at folk oppfattar "feminist" så ulikt. Det er tydeleg at ulik oppleving/tolking av ordet avgjer om ein vil kalle seg det eller ei - og det uavhengig av korleis ein stiller seg til likestiling og kvinner sine rettar.
Eg har alltid tenkt at venner som i ord og handling har uttrykt støtte for likestilling mellom kjønna er "feministar" slik eg oppfattar ordet, men eg innser at her kan eg ha bomma skikkelig. Eg har til og med tenkt på mine mannlege venner som feministar Mi oppfatning av "feminisme" er altså svært brei og generell - og har ingenting med aktiv og høgt uttrykt kvinnekamp å gjere.
Kan ein mann vere feminist? Om eg spør mannen min så vil han heilt klart rope ja. Vil han da bli oppfatta som ein mjuk mann i sandaler? Han, som er sjef i slips og dress, har litt for spisse albuar og ikkje kunne tenke seg å vere lenge heime med ungane? Eg opplever han som feminist i ord, haldning og handling, og han opplever seg sjølv om feminist (fordi han meiner kvinner er ikkje likestilt)- men eg vil anta at dette skurrar jf. enkelte sine assisiasjonar med "feminisme"?
Eg trur eg må google ulike definisjonar av ordet....
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|