Sv: Gå ned i vekt og bli der?
Eg er heilt einig i at dei fleste av oss et for mykje karbohydratar, og då spesielt i form av såkalla høg-glykemiske karbohydratar. Likevel er det viktig å hugse at kroppen treng også dette næringsstoffet, og ein tilnærma karbohydratfri diett kan vere direkte skadeleg for kroppen.
Reint generelt så meiner eg at det viktigaste for å leve sunt, samt gå ned i vekt, er å ete meir grønnsaker, slutte med halvfabrikata (eller i alle fall kutte drastisk ned) og ete grove kornprodukt i staden for halvt-i-hel-behandla loff.
|