Sv: 8 år for drap på barn ...
Jeg må si at jeg blir litt overrasket over hvor lett man konkluderer om kvinners bakgrunn i forhold til det å leve i et voldelig forhold.
Jeg vil anbefale dette blogginnlegget om menn som slår og kvinner som blir.
Og så tar jeg meg friheten å sitere en av kommentarene under, fordi jeg synes det forteller noe viktig om at man kanskje ikke trenger å gå så langt som til barndommen for å finne forklaringen på hvorfor hun "ikke bare går". Man trenger kanskje ikke å gå lenger enn til starten av forholdet hun blir mishandlet i.
Sitat:
Eg vil gjerne få tilføye noko vesentleg som sjeldan blir sagt kring vald mellom partnarar:
Slaget kjem ikkje først.
Slaget kjem etter svært mykje anna. Kan hende kjem eit enkelt slag i fylla i starten av forholdet, men som regel ikkje. Og eg har aldri møtt nokon som blei regelmessig banka frå begynnelsen.
Slaget kjem etter at den som slår har brukt mange andre verkemiddel “til å bli hørt”, eller kontroll, sjalusi, manglande evne til å kontrollere affektar, manglande evne til å ta den andre sitt perspektiv (særleg i affekt) osv.
Eller sagt på ein annan måte:
Den som slår gjer mykje anna først.
Litt klinisk kan ein kalle det aukande tendensar til psykisk vald, før den fysiske.
Men for den som er i forholdet, er det jo ikkje så lett å kategorisere ting slik.
For kven har ikkje opplevd at ein kjærast seier noko sårande? Eller blir foruretta sjølv om du ikkje syns det var grunn for det? Eller er sjalu utan grunn? Eller er usikker på om du verkeleg elskar han/henne?
Og så aukar det på. Gjerne i periodar med stress. Gjerne i periodar der andre enn partnaren lagar møl. Trøbbel på jobben, svigermor som tyt. Problemer med økonomien.
Og verkeleg stress i eit forhold veit du ikkje kva er, før du har fått ungar.
Slaget kjem etter ein lang utvikling/innvikling av forholdet, der den som blir slått så ofte er blitt skulda for å vere ansvarleg for den andre sine vonde kjensler.
Redselen, truslane, usikkerheten, det smadra sjølvbiletet, stresset, rutinane med å unngå å “plage” - alt dette er som regel på plass FØR det første slaget.
__________________
You did in your twenties what you knew how to do. When you knew better, you did better. And you should not be judged for the person that you were, but for the person that you're trying to be and for the woman you are now. -- Maya Angelou
|