Sv: Schau og "Dødssyndene" på TV2
Eg skal prøve å forklare kvifor eg ser på programmet som hånande (sjølv om det vert veldig abstrakte følerier):
Eg har vakse opp med ein kristen familie i eit miljø der varme, tryggleik, omsorg og toleranse har stått sterkt. Eg opplever at dei aller fleste kristne er slik, og at dei tek sterk avstand frå fordømmande og fundamentalistiske "kristne" som nettopp trakasserer med bibelen i handa.
Likevel vert kristne (som samlebegrep) stadig fordomsfult omtalte som nettopp domme (TM), ondskapsfulle, trakasserande, enkle, kalde og kyniske, og dette programkonseptet er med på å fyre opp under slike fordommar.
«De syv dødssyndene» vidarefører dette biletet av kristne, og hånar religionen gjennom å skulle motbevise guds eksistens ved at han (sjølvsagt) ikkje grip inn for å stoppe Schau, eller dukkar opp som guest star i siste program for å gje han eit kart og GPS med retning helvete.
|