Sv: - Demp ammepresset
Opprinnelig lagt inn av Anuk, her.
Det er i setninger som dette som det ligger mye ammepress.
Jammen det meste av dette er jo veldokumentert. I alle fall at det er lettvindt og trygt, og det skal beskytte mot overvekt (kjenner ikkje til om dette er grundig nok dokumentert). Ville det ikkje vere feil å la ver å fortelle dette?
Eg kan forstå at det kan vere leit å høyre når ein slit; ein vil jo så veldig gjerne få det til. Eg hugsar det godt sjølv; eg satt og grein over min eigen mislykkehet som kvinne som ikkje greide noko så primært som å amme. Skulle min vesle unge lide heile livet fordi eg ikkje fekk det til? Problemet tårna seg opp i voldsomme dimensjonar. Eg hadde verkeleg eit heilt skrudd syn på det heile; barselskvinne som eg var.
Alle vil jo gi barnet sitt den beste start i livet. Ein får høyre et MME er eit fantastisk bra alternativ. Likevel vil vi gjerne amme, fordi det er enda littegranne betre (og så er det jo praktisk). Vi kjøper også det beste som er av bilstolar; madrassar utan giftige gassar, smokkar som er riktige for munnen, den beste baby call'en osv osv. Er det ikkje del av "samme pakka"? Vi vil ha det beste for vårt barn?
Burde det ikkje vere sånn at dei som søker hjelp faktisk får det, slik at ein del av dei som slit kjem over kneika og får til å amme? Eller skal vi berre gi blaffen?
Jenta mi fekk MME på sjukehuset. Eg var sår frå første sugetak. Er ikkje tull ein gong; sjølv med hjelp til å få riktig tak og det heile. Ho fekk MME dei første dagane ved kopp. På grunn av dette kom melka seint. Eg fekk utlevert brystskjold på sjukehuset, og der var STOR diskusjon blant pleiarane om dette var bra eller ikkje.
Mi ammehistorie er kronglete og lang; og eg har prøvd omtrent alt som er av problem (har ikkje hatt trøske då!) Tingen er at eg har absolutt kjent "ammepresset", men vil meine at det får eg ta ansvar for sjølv. Ingen pressa meg til å fortsette. Helsesøster meinte eg burde slutte (og ho er også ein historie i seg sjøl Stol aldri på kva helsesøstre seier! ) Ammehjelpen burde vore gullforgylt, og det var ho som sa at eg skulle ha MME ståande i skapet som ein plan B. Berre det faktum at eg hadde det i skapet gjorde at eg greide å slappe meir av.
|