Sv: Siv Jensen
Opprinnelig lagt inn av Nebbia, her.
Det er helt greit med spissformuleringer, men jeg synes du bommer med din karakteristikk av aktiv dødshjelp - både i form og innhold. Formmessig fordi jeg er uening med deg i at aktiv dødshjelp er drap, men også innholdsmessig fordi dette er et spørsmål som går mer på det etiske enn det politiske. Jeg ser ikke på det å være tilhenger av aktiv dødshjelp som en typisk Frp-kampsak.
Der er vi nok usamde. For meg er det å aktivt avslutte andre sitt liv pr. definisjon drap. Eg ser absolutt både for- og motargument i forhold til aktiv dødshjelp, men uansett korleis ein vrir og vender på det etiske så er det framleis snakk om å ta frå nokon livet.
Og når ein som politisk parti har vedtatt å kjempe for aktiv dødshjelp har ein kryssa ei ekstrem grense der ein opnar for at det fins situasjonar der det er ok å ta frå nokon livet/drepe. Då er det ikkje lenger eit spørsmål om kor vidt det er rett eller gale å ta frå nokon livet, men kva som bør vere ein gyldig grunn til å ta frå nokon livet.
Det er verken uventa eller overraskande at det er FrP som (så vidt eg kjenner til) er det første partiet som programfestar å krysse denne ekstreme grensa, og kombinert med andre sentrale FrP-saker så synest eg det er på sin plass å spissformulere moglege konsekvensar.
Frp er, som tidlegare nemnt, tilhengjarar av strengare straffer. Å ha kryssa grensa for aktiv dødshjelp kan, som skrekkscenario, altså vere første steget i retning dødsstraff i Noreg.
Du meiner det handlar om aktiv dødshjelp som eineståande punkt, eg meiner det handlar om å krysse ei etisk grense ein ikkje anar konsekvensane av å krysse.
|